Publisert 18.08.2016 , sist oppdatert 21.03.2022

Opstadhornet (Møre og Romsdal, Midsund kommune)

Opstadhornet er eit stort ustabilt fjellparti over Midfjorden på Otrøya, 17 km vest for Molde.

Opstadhornet. Foto: T. Oppikofer, NGU
Opstadhornet. Foto: T. Oppikofer, NGU

Fjellpartiet er avgrensa av ein 10–20 m høg bakskrent og er tydelege avgrensa i terrenget. Innad i fjellpartiet er det fleire sprekker og andre deformasjonsstrukturar.

Fjellpartiet er delt opp i fleire scenario. Scenario A omfattar heile det ustabile området og volumet er 20 millionar m3. Scenario B og C er avgrensa delar i ytterkant av området, og har volum på henhaldvis 1,6 millionar og 700 000 m3.

Differensielle GPS-målingar utført sidan 2003 viser bevegelsar rundt 2 mm/år. Datering av bakskrenten viser at hastigheita har vore jamn dei siste 14000 år.

Eit potensielt skred kan nå nokre bustadar. I tillegg kan eit skred frå scenario A og B nå fjorden og føre til ein tsunami. For scenario A kan dette ha store konsekvensar, blant anna for kan nå Molde sentrum. For scenario B, som har høgare sannsyn men mindre volum, er det utført ei detaljert flodbølge-modellering av NGI, og denne viser relativt få bygningar i oppskyllingssona.

 

Konsekvenser for arealbruk

I utløpsområdet for skred og i oppskyllingsområdene for flodbølger fra scenario B vil det være restriksjoner på bygging av tiltak i sikkerhetsklasse S3 i henhold til byggteknisk forskrift (TEK17) § 7-3. NVE vil i dialog med berørte kommuner diskutere og avklare hva som er aktuell oppfølging av Opstadhornet.

Tiltak/oppfølging

Scenario A og C har årleg nominelt sannsyn mindre enn 1/5000, medan scenario B har årleg nominelt sannsyn mellom 1/1000 og 1/5000. Grunna sannsynet for scenario B og dei store konsekvensane for scenario A, vil objektet bli følgt opp med periodiske målingar. Satellittreflektorar blei satt opp i 2018, og periodisk måling med bakkebasert InSAR radar har vore utført sidan 2016.

 

Ustabile fjellpartier. Kart: NVE Atlas
Ustabile fjellpartier. Kart: NVE Atlas
Faresoner Oppstadhornet. Kart: NVE
Faresoner Oppstadhornet. Kart: NVE
Opstadhornet. Foto: R. Hermanns, NGU
Opstadhornet. Foto: R. Hermanns, NGU