Åknes dreneringsprosjekt
Åknes er det ustabile fjellpartiet i Noreg med høgst kjent risiko. Det ustabile fjellpartiet har eit volum på opptil 54 millionar kubikkmeter og kan føre til ein tsunami som vil råke inntil 10 kommunar i Storfjord regionen.
Den årlege rørsla i fjellpartiet er 6-8 cm/år for den vestlege delen og 2-3 cm/år for eit større område. Overvaking og detaljerte undersøkingar av det ustabile fjellpartiet har pågått sidan 2004.
I perioden 2017 til 2021 vart det utført eit større kunnskapsprosjekt i regi av NVE, som konkluderte med at drenering av det ustabile fjellpartiet kan redusere risikoen for skred. På bakgrunn av kunnskapsprosjektet arbeider NVE vidare med ein plan for drenering av det ustabile fjellpartiet Åknes. Prosjektet vert kalla Åknes Dreneringsprosjekt.