Publisert 14.09.2015 , sist oppdatert 27.11.2024

Om kartlegging av flaumfare

Informasjon om flaumfare kan ein finne gjennom aktsomhetskart for flaum, og flaumsonekart. Desse ulike karta har ulikt detaljnivå og ulike bruksområder.

NVEs aktsomhetskart for flaum viser kva areal som kan vere utsett for flaumfare. Kartet vil aldri kunne bli heilt nøyaktig, men er godt nok til å gje ein indikasjon på kvar flaumfaren bør vurderast nærare, dersom det er aktuelt med ny utbygging. Les meir om aktsemdskart for flaum her. 

Flaumsonekart er eit faresonekart for flaum. Desse viser kva område som blir oversvømt ved ulike gjentaksintervall. Kartlagde vassdragsstrekningar finn ein i NVE sine karttenester (NVE Flaumsonekart).

Grunnlaget for flaumsonekarta er ei statistisk analyse av historiske flaumar, elva si topografi og hydraulisk modellering som bereknar vasstandar ved ulike flaumstorleikar. Ut frå dei berekna vasstandane, finn ein vassdekt areal ut frå ein kartanalyse. Vasstanden i flaumsona er enten presentert i tverrprofil eller som kotelinje. Mellom tverrprofila eller kotelinjene bli vasstanden rekna for å variere lineært og kan finnast ved interpolasjon.

Område som ligg ved ei elvs utløpsområde i havet, vil vera utsett for oversvømming både frå flaum i elva og frå stormflo. Derfor må ein i utløpsområda til elva, vurdera både tryggleik mot flaum og tryggleik mot stormflo. Den vasstanden som er høgast av flaum og stormflo, må leggjast til grunn i reguleringsplanar og byggjesaker. Kart som viser kva område som blir oversvømt ved storflo finnast i Kartverket si kartteneste Se havnivå i kart.

Klimatilpassing I flaumsonekart som er kartlagt etter 2012, er det òg kartlagt ein flaumsone for år 2100 der klimaframskrivingar gir ein forventa auke i vassføringa på 20 % eller meir. Oversikt over flaumsonekart som ein anbefale å auke vassføringa pga. klimaendringar er vist i klimaprofilene. Kart som viser kva område som blir oversvømt ved eit framtidig havnivåstigning finnast i Kartverket si kartteneste Se havnivå i kart

Det er laget en oversikt over utførte utredninger av flomfare i Norge, som viser hvor utredningene er gjort og med litt informasjon om utredningene. For en del av utredningene er det også mulig å få opp medfølgende PDF-rapport ved å trykke på lenke. Oversikten inneholder også flomberegninger og andre hydrologiske og hydrauliske rapporter.

Oversikten er langt fra komplett – vi jobber kontinuerlig med å legge inn flere flomfareutredninger som vi får tilsendt fra konsulenter, kommuner og andre, slik at databasen på sikt vil bli mer dekkende.