NVE tilrår nye konsesjonsvilkår i fleire revisjonssaker
NVE har intensivert arbeidet med å revidere konsesjonsvilkåra for eldre kraftverk. Hovudformålet med ein vilkårsrevisjon er å betre miljøforholda i regulerte vassdrag. Norge har implementert EUs rammedirektiv for vatn (vassforskrifta), som set konkrete miljømål for vassdraga. Vilkårsrevisjon er eit viktig verktøy for å kunne nå desse måla.
NVE sender nå fire revisjonssaker til Olje og Energidepartementet. Direktør Rune Flatby i NVE seier at dei fire sakene illustrerer på ei god måte at utfal av ei vilkårsrevisjon kan og vil variere. - I den enkelte sak vert det sentralt å vurdere nytten av moglege miljøforbetringar mot behovet for fleksibilitet i kraftsystemet, forsyningstryggleik og reguleringsevne, påpeikar Flatby.
Olje- og Energidepartementet vil stå for den endelege avgjerda i disse sakene.
Les meir om sakane her:
Trollheim kraftverk i Surna i Møre og Romsdal fylke