Publisert 15.12.2021

Endringar i utrekning av energiinnhaldet i snø, nedbør og tilsig

Frå og med 15. desember tek NVE i bruk eit nytt og betre datagrunnlag for å rekne ut energiinnhaldet i snø, nedbør og tilsig. Endringane får ingen konsekvensar for NVEs magasinstatistikk.

Det nye datagrunnlaget vil påverke tala for tilsig, nedbør, snømagasin og hydrologisk balanse i NVEs rapport om kraftsituasjonen. Hydrologisk balanse blir justert ned frå -8,9 til -14,0 TWh i veke 49. Grunnen til det er at avviket i snø-, mark- og grunnvatn blir justert ned frå 1,7 til -3,4 TWh.

Den hydrologiske balansen blir justert ned

Energiinnhaldet i snøen påverkar den hydrologiske balansen. Hydrologisk balanse er avvik i magasinfylling pluss avvik frå gjennomsnittet i snø- mark- og grunnvatn, og indikerer om den samla lagra energimengda i det norske vasskraftsystemet er høgare eller lågare enn gjennomsnittet.

Magasinfyllinga er rekna ut frå målingar av vasstanden i magasina, medan energimengda i snøen blir rekna ut med modellar. Det gjer at tala for snø-, mark- og grunnvatn er langt meir usikre enn tala for magasinfyllinga.

I rapporten om kraftsituasjonen i Noreg i uke 16 (nve.no) kommenterte NVE at det er usikkerheter knytta til utrekninga av snømengde, og at foreløpige utrekninger tyda på at det nye datagrunnlaget ville gi noko lågare snømengde i år enn gjennomsnittet for perioden 2001-2020. Dei endelege utrekningene stadfester dette.

Hydrologisk balanse i 2021, rekna ut med gamalt og nytt datagrunnlag
Hydrologisk balanse basert på seNorge versjon 2 og seNorge versjon 2018

Det er for tidleg å seie om vinteren blir snørik eller snøfattig

Frå og med no vil NVE publisere ei oversikt over energiinnhaldet i snøen i rapporten om kraftsituasjonen. Utrekningane for veke 49 tydar på at det er om lag 3 TWh mindre energi lagra som snø enn gjennomsnittet. Men det er framleis for tidleg i vintersesongen å ha ei velgrunna meining om dette blir ein snørik eller snøfattig vinter i dei områda i Noreg som er nedbørsfelt til vasskraftverk.

Energiinnhald i snøen

Nytt grid for nedbør og temperatur

NVE reknar ut energiinnhald ved hjelp av ein hydrologisk modell (HBV). Inngangsdata til modellen er landsdekkande nedbør- og temperaturgrid frå Meteorologisk institutt. HBV-modellen er tilrettelagt for 82 nedbørfelt, og simulert nedbør, tilsig, snø, mark- og grunnvatn blir rekna om til energiinnhald. Fram til denne veka har utrekningane vore basert på nedbør- og temperaturdata kalt «SeNorge Versjon2». Meteorologisk institutt har utarbeidd eit nytt og betre landsdekkande nedbør- og temperaturgrid, «SeNorge Versjon 2018». Dette har ført til at vi måtte kalibrere HBV-modellane på nytt basert på data frå det nye griddet. I arbeidet er det og tatt omsyn til at midlere årleg vasskraftproduksjon har auka. Gjennomsnittleg nyttbart tilsig dei siste 30 åra (frå 1991 til 2020) er justert opp til 136,7 TWh.

Det nye datagrunnlaget gir mindre akkumulert nedbør hittil i år

Dei nye tala tydar og på at det har kome mindre nedbørenergi til no i år, samanlikna med det vi har presentert i kraftsituasjonsrapportane hittil. Med det nye datagrunnlaget ligg akkumulert nedbør hittil i år (tom uke 49) 16,7 TWh lågare enn gjennomsnittet. Dette gir eit meir riktig bilete av ressurssituasjonen gjennom året. Til samanlikning ligg akkumulert nedbør 0,8 TWh over gjennomsnittet med det gamle datagrunnlaget.Akkumulert nedbørenergi

Tala for nedbør, tilsig og hydrologisk balanse som blir presentert i NVEs rapport om kraftsituasjonen er óg tilgjengelige her: Hydrologiske data til kraftsituasjonsrapporten - NVE.

 

 

Kontaktpersoner

Ann Myhrer Østenby, Seksjonssjef
Telefon: 99697202

Fredrik Arnesen, Senioringeniør
Telefon: 41669694

Maria Sidelnikova, Seniorrådgiver
Telefon: 98016533