Regionale kraftsystemutgreiingar for 2016
Nettselskapa sine rapportar om dagens og framtidas kraftsystem gir ei oversikt over behovet for nytt nett i dei ulike regionane. I rapportane kan ein blant anna finne informasjon om forbruksutvikling og om det er kapasitet for å ta i mot ny produksjon i området.
Kraftsystemutgreiingane (KSU) gir eit overordna bilde av kraftsystemet i utgreiingsområdet med informasjon om forbruk, produksjon, forsyningstryggleik og planar for nettinvesteringar.
Linkar til dei oppdaterte offentlege delane av kraftsystemutgreiingane kan finnast her.
NVE oppsummerer kraftsystemutgreiingane i ein eigen rapport. Denne vil bli publisert i løpet av hausten.
Ordninga med kraftsystemutgreiingar (KSU) skal bidra til ei samfunnsmessig rasjonell utbygging av regional- og sentralnettet gjennom koordinerte, langsiktige vurderingar av utviklinga i kraftsystemet. Kraftsystemutgreiingane oppdaterast anna kvart år og består av ein offentleg del og ein meir detaljert del som er tilgjengeleg for dei med tenesteleg behov.
Meir om ordninga med kraftsystemutgreiingar.