Publisert 26.11.2019

Alle breane som NVE måler smeltar tilbake

I 2019 har alle dei 36 breane som NVE måler fronten på trekt seg tilbake. Breen med størst tilbakegong, Gråfjellsbrea, har trekt seg tilbake 82 meter på 1 år, og 584 meter på 10 år.

Fronten av Nigardsbreen i 2017. Brefronten har trekt seg tilbake 162 meter sidan bildet ble tatt. Foto: Hallgeir Elvehøy, NVE

- Mange norske brear hadde ein vekstperiode på 1990-talet, men etter år 2000 har alle breane minka, seier Hallgeir Elvehøy, glasiolog i NVE.

Dei siste 10 åra har dei målte breane gått tilbake 197 meter i gjennomsnitt. Grunna lokal topografi kan variasjonen kan vere stor, sjølv for brear som ligg ganske nær kvarandre. Gråfjellsbrea og Svelgjabreen er 2 brearmar frå Folgefonna. Gråfjellsbrea har gått tilbake 584 meter sidan 2009, medan Svelgjabreen har gått tilbake 39 meter.

- Breane i Noreg har den same utviklinga som breane i resten av verden. Årsaka til at breane trekk seg tilbake er at massebalansen, - forholdet mellom kor mykje snø som legg seg på breen i løpet av vinteren og kor mykje snø og is som smeltar om sommaren, - har vore negativ i lengre tid. Dei 10 breane der vi måler massebalanse har i gjennomsnitt minka om lag 16 meter i tjukkleik sidan år 2000, forklarer Hallgeir Elvehøy.

Dei 8 breane som måles rundt Jostedalsbreen har i snitt trekt seg tilbake 23 meter. Nigardsbreen i Luster har gått tilbake 81 meter i år, og 504 meter tilbake i løpet av dei siste 10 åra. Breane som har vorte målt samanhengande i 10 år har i gjennomsnitt trekt seg tilbake 278 meter dei siste 10 åra. 

Dei 10 breane som måles i Jotunheimen har i snitt trekt seg tilbake 17 meter i år. Mjølkedalsbreen ved Eidsbugarden har gått tilbake 31 meter i år, og 216 meter dei siste 10 åra. Dei siste 10 åra har dei målte breane i snitt vorte 139 meter kortare. 

8 brear som måles i Hardanger har i snitt gått 35 meter tilbake i år. Gråfjellsbrea på vestsida av Folgefonna har gått 82 meter tilbake og 584 meter tilbake i løpet av dei siste 10 åra. I snitt har dei målte breane trekt seg tilbake 169 meter dei siste 10 åra.

10 målte brear i Nord-Noreg har trekt seg tilbake. Dei 7 breane med samanhengande målingar har i snitt trekt seg tilbake 226 meter dei siste 10 åra. 

I Nordland har 6 brear i snitt trekt seg tilbake 33 meter i år. Engabreen, ein nordleg utløpar frå Svartisen, har trekt seg tilbake 61 meter i år, og 332 meter tilbake i løpet av dei siste 10 åra. 3 brear har i snitt gått tilbake 270 meter dei siste 10 åra.

Nord-Troms og Vest-Finnmark har 4 brear i snitt trekt seg tilbake 20 meter i år. Steindalsbreen i Lyngen har trekt seg tilbake 48 meter i år og 202 meter dei siste 10 åra. 4 brear har i snitt gått tilbake 192 meter dei siste 10 åra.

Midlare tilbakegong for dei 36 breane er 25 meter. Dei 36 breane som vart målt i 2019 utgjer om lag 14 prosent av brearealet i Noreg.

Les også NRK Sogn og Fjordanes oppslag om årets brefrontmålinger her.

Jostein Aasen i NVE framfor Stigaholtbreen. Brefronten har smelta 117 meter tilbake dei siste ti åra. Maling på steinen viser punktet som brefronten målast fra. Foto: Hallgeir Elvehøy, NVE

NVE sine brefrontmålingar:

Breane er på sitt minste på hausten, når sommarsmeltinga har slutta.

NVE måler endring i frontposisjon av 30-40 brear kvar haust.

Målingane blir gjort med laser-avstandsmålar, frå avmerkte punkt framfor breen.

Lasermålingane kan gjerast på opp til 5-600 meter avstand, men som regel lagar vi nye punkt når avstanden vert opp mot 300 meter. Nye målepunkt vert laga og kartfesta når forma på brefronten endrar seg.

Kontaktpersonar:

Senioringeniør Hallgeir Elvehøy, tlf. 924 46 189
Seksjonsjef Rune Engeset, tlf. 990 38 868