Breane i Noreg vert tynnare og brefrontane fortset å smelte tilbake
NVE sine bremålingar i 2023 viser at 33 av 36 målte brefrontar har smelta tilbake, og at alle 10 breane med massebalansemålingar hadde masseunderskot.
Den størst tilbakegangen i år hadde Bondhusbrea på vestsida av Folgefonna (-92 meter), Bøverbrean i Jotunheimen (-82 meter), og Engabreen i Nordland (-78 meter). Dei 36 breane har i gjennomsnitt smelta tilbake 27 meter i år.
I Sør-Norge var det i vinter store forskjellar i snømengde på breane. På Vestlandet fekk mange brear mindre snø enn normalt, medan breane lengre aust fekk meir snø enn normalt. Men bresmeltinga gjennom sommaren var stor på alle breane i Sør-Noreg. Resultatet for 2023 vart derfor underskot for alle dei målte breane, og truleg også for alle brear i Sør-Noreg.
I Nord-Noreg fekk dei fleste breane om lag normalt med snø. Men bresmeltinga gjennom sommaren var langt over det normale slik at resultatet for 2023 truleg vart underskot for dei aller fleste breane.
Negativ massebalanse i lengre tid
– Alle breane som vi måler massebalansen på har hatt negativ massebalanse sidan år 2000, seier glasiolog i NVE Hallgeir Elvehøy.
Breane i Noreg har minka mykje både i lengde, areal og tjukkleik sidan år 2000. Dei siste 20 åra har 28 brear med samanhengande målingar i gjennomsnitt trekt seg tilbake 391 meter.
– Årsaka til at brefrontane trekk seg tilbake er at det over tid har det smelta meir snø og is om sommaren enn det snør om vinteren. Vi sei at massebalansen har vore negativ. Dei ti breane der NVE måler massebalanse har minka opp til 30 meter i tjukkleik sidan år 2000, forklarar Hallgeir Elvehøy.
Breane i Noreg har den same utviklinga som dei aller fleste breane i resten av verden.