Mange brear har lagt på seg i år, men brefrontane fortset å smelte tilbake
NVE sine bremålingar i 2020 viser at 23 av 30 målte brefrontar har trekt seg tilbake, medan seks av ti brear med massebalansemålingar hadde eit masseoverskot.
– Mange norske brear hadde framstøyt på 1990-talet, men etter år 2000 har alle brefrontane trekt seg tilbake, seier glasiolog i NVE Hallgeir Elvehøy.
Negativ massebalanse i lengre tid
NVE sine målingar av massebalanse på brear – forholdet mellom kor mykje snø som legg seg på breen i løpet av vinteren og kor mykje snø og is som smeltar om sommaren, – viser at i 2020 fekk seks brear masseoverskot, to brear var i balanse, medan to brear hadde underskot.
Breane i Noreg har minka mykje både i lengde, areal og tjukkleik sidan år 2000. Men samanlikna med perioden frå 2000 til 2019 hadde åtte av dei målte breane vesentleg betre massebalanse i 2020. Årsaka til det er ein uvanleg snørik vinter kombinert med at snø- og issmeltinga gjennom sommaren var om lag som gjennomsnittet for perioden etter 2000. Mest snø var det på Ålfotbreen i Nordfjord der snølaget tilsvara 5000 millimeter nedbør.
– Breane i Noreg har den same utviklinga som breane i resten av verda. Årsaka til at brefrontane trekk seg tilbake er at massebalansen har vore negativ i lengre tid. Dei ti breane der vi måler massebalanse har i gjennomsnitt minka om lag 15 meter i tjukkleik sidan år 2000, forklarer Hallgeir Elvehøy.
Fakta: Tilbakegang for brefrontane
- Størst tilbakegang i år hadde Gråfjellsbrea ved Folgefonna (-47 meter) og Engabreen ved Svartisen (-46 meter).
- Seks brefrontar hadde inga endring, medan ein bre hadde litt framgang.
- Midlare tilbakegang for dei 30 breane er 14 meter.
- Dei 30 breane med brefrontmålingar i 2020 utgjer om lag 12 prosent av brearealet i Noreg.
- Dei siste 20 åra har 19 brear med samanhengande målingar i gjennomsnitt gått tilbake 336 meter
Fakta: Regional oversikt