FoU-prosjekt skal gje betre flaumsikring og betre miljøtilstand
Eit nytt FoU-prosjekt med forankring i fleire fagmiljø i Sogn og Fjordane skal finne fram til metodar som skal sørge både for betre flaumsikring og betre miljøtilstand i vassdrag.
Prosjektet «Flaum og vassdragsmiljø i eit endra klima – innovative metodar for restaurering og betre miljøtilstand» er finansiert av NVE, med bidrag frå Fylkeskommunen og Statsforvaltaren i Sogn og Fjordane. Arbeidet vert gjennomført av Uni Research Miljø LFI og BOKU Wien (IWHW), og nyttar fire vassdrag i fylket som case.
Både sikring og miljø
Auka nedbørsmengder har ført til store flaumar som har forårsaka omfattande skader – ikkje minst på Vestlandet. Tradisjonelle metodar for flaumsikring, som kanalisering og erosjonssikring, kan ha ført til uønska miljøeffektar. Vassforskrifta og naturmangfaldlova krev at vassdrag skal få betre miljøtilstand framover. Mål for prosjektet er derfor å komme fram til metodar til beste både for betre flaumsikring og betre miljøtilstand i vassdrag.
Årlege seminar
I dei fire case-vassdraga, Nausta, Flåmselva, Aurlandselva og Storelva i Gulen, skal det utviklast scenario for flaumsikring og miljøeffektar. Det vert lagt vekt på å integrere aktuell norsk og internasjonal kunnskap. Arbeidet skal gje grunnlag for vurdering av liknande problemstillingar i andre elvar.
Prosjektet startar opp i år og skal avsluttast i 2021. Det blir lagt opp til årlege seminar med presentasjon av mellomresultata. I 2019 vert første resultat og scenarios for case-vassdraga presentert.
Samarbeid lokalt
Det er ynskje om eit tett samarbeid med kommunar, interessegrupper og lokale initiativ knytt til vassdrag. Innspel ved utvikling av scenario er velkomne. Samarbeidet skal organiserast via prosjektleiarane i vassområda i dei enkelte case-vassdraga.