Avslag for Bjørnåa kraftverk
NVE gjev ikkje Småkraft AS løyve til å bygge Bjørnåa kraftverk i Bindal kommune i Nordland, grunna negative konsekvensar for landskap, reindrift og biologisk mangfald.
Bjørnåa kraftverk var planlagt med ein forventa årleg produksjon på 11,5 GWh. Dette svarer til straumbruken til omlag 575 husstandar.
Grunngjevinga for avslaget er at kraftverket ville ført til negative konsekvensar for landskap og reindrift i eit viktig område for reindrifta. NVE har også lagt noko vekt på ulemper for biologisk mangfald, men NVE meiner dette kan avbøtas i større grad enn ulempene for reindrift og landskap. NVE registrerer at Fylkesmannen er kritisk til prosjektet og at fylkeskommunen fremmar motsegn mot ei utbygging.
NVE meiner dei negative verknadene er større enn nytten av tiltaket for allmenne og private interesser og gjev difor ikkje løyve til bygging av Bjørnåa kraftverk.