Avslag på søknad om utsett frist for idriftsetting på Vikna vindkraftverk
NVE har i dag avslått søknaden frå NTE Energi AS om utsett frist for idriftsetting på Vikna vindkraftverk.
Vikna vindkraftverk er lokalisert i Nærøysund (tidlegare Vikna) kommune i Trøndelag.
NTE Energi AS søkte om utsett frist for idriftsetting for Vikna vindkraftverk frå 31.12.2020 til 31.12.2024.
NVE varsla om ny praksis
27.11.2019 sendte NVE brev til alle konsesjonærar og informerte om ny praksis ved handsaming av søknadar om utsett frist for idriftsetting av landbasert vindkraft. I brevet varsla NVE at fristar for idriftsetting normalt ikkje vil forlengast utover 31.12.2021. Les NVE sitt brev til konsesjonærane her.