Avslår søknad om utsett frist for idriftsetting for Oddeheia og Bjelkeberget vindkraftverk
NVE har i dag avslått søknaden frå RWE WIND NORWAY, BRANCH OF RWE NORWAY AB (RWE) om utsett frist for idriftsetting på Oddeheia og Bjelkeberget vindkraftverk.
Vindkraftverk er lokalisert i Birkenes kommune i Agder.
RWE søkte om utsett frist for idriftsetting for Oddeheia og Bjelkeberget vindkraftverk frå 31.12.2021 til 31.12.2023. RWE grunngjev søknaden med at den opphavlege fristen på tre år på å gjennomføra utbygginga er krevjande og at Senumstad bru, som er ein av to moglege adkomstvegar, krevjar oppgradering og vil ikkje stå klar før tidlegast sumaren 2022.
NVE varsla om ny praksis
27.11.2019 sendte NVE brev til alle konsesjonærar og informerte om ny praksis ved handsaming av søknadar om utsett frist for idriftsetting av landbasert vindkraft. I brevet varsla NVE at fristar for idriftsetting normalt ikkje vil forlengast utover 31.12.2021. Les NVE sitt brev til konsesjonærane her.
Vil du vita meir?
Les vedtaket om Oddeheia og Bjelkeberget vindkraftverk her.