Eit løyve og eit avslag til småkraftverk i Nissedal kommune i Telemark
NVE gjev løyve til Støyldalen kraftverk i Håtveitåi, medan søknad om Klovefoss kraftverk i same vassdrag vert avslått.
Støyldalen kraftverk vil produsere om lag 8 GWh/år i eit middels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 400 husstandar. Klovefoss kraftverk kunne produsert om lag 5 GWh/år.
Sentralt tema i NVE si vurdering er landskap og inngrepets omfang. Bortfall av ein markert foss og stort inngrep knytt til røyrtraseen for Klovefoss kraftverk er forhold som veier tungt i NVE si vurdering. Området rundt Støyldalen kraftverk ligg meir utilgjengelig til. Det er registrert to viktige naturtypar i området. Den eine, ei viktig slåttemyr, er ein utvald naturtype. NVE meiner at med ein endra røyrtrasé og vilkår knytt til utføring av anleggsarbeid, vil naturtypane ikkje bli nemneverdig skadelidande.
Les meir om kraftverka:
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf 22 95 93 89 / 901 98 216
Sakshandsamar Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66