Eitt avslag og tre løyve til kraftverk i Drangedal
NVE har handsama fem kraftverksøknadar i Drangedal kommune i Telemark. NVE gjev løyve til Graveelva, Lauvstad og Skjeggfoss kraftverk, medan Gautefallselva får avslag. Djupsåna kraftverk er tidlegare avslått av NVE.
Dei tre kraftverka som har fått løyve, vil til saman kunne gje ein produksjon på om lag 17,1 GWh i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 850 bustadar. Kraftverka som fekk avslag ville til saman ha gitt om lag 9,4 GWh per år dersom dei hadde vorte bygd.
Søkar |
Kraftverk |
MW |
GWh |
Lauvstad kraftverk AS |
Lauvstad kraftverk |
2,2 |
5,7 |
Drangedal Everk KF |
Gautefallselva kraftverk* |
0,99 |
Avslag |
Graveelva kraftverk AS |
Graveelva kraftverk |
2,64 |
6,9 |
Drangedal Everk KF |
Djupsåna kraftverk* |
0,99 |
Avslag |
Skjeggfoss kraftverk SUS |
Skjeggfoss kraftverk |
1,80 |
4,5 |
* Ligg i verna vassdrag
Vurdert under eitt
Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka.
Kraftverka som har fått avslag, ligg i verna vassdrag med stor verdi for friluftsliv. Dei tre kraftverka som har fått løyve, er i liten grad i konflikt med ålmenne interesser som friluftsliv og landskap, samstundes som dei vil bidra til produksjon av fornybar energi.
NVE har sett vilkår til det enkelte prosjektet for å redusere dei negative verknadane for ålmenne interesser. Etter NVE si vurdering vil tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å byggje kraftverka som fekk avslag.
Les meir om kvart kraftverk:
Les meir om Lauvstad kraftverk (Lauvstad kraftverk AS)
Les meir om Gautefallselva (Drangedal Everk KF)
Les meir om Graveelva (Graveelva kraftverk AS)
Les meir om Djupsåna kraftverk (Drangedal Everk KF)
Les meir om Skjeggfoss kraftverk (Skjeggfoss kraftverk SUS)