Publisert 16.12.2016 , sist oppdatert 20.12.2016

Eitt løyve og eitt avslag til småkraftverk i Eidfjord kommune i Hordaland

NVE gjev løyve til Drøllstølsbekken kraftverk i Sysendalen, medan søknad om Isdøla kraftverk i same dalføre vert avslått.

Drøllstølsbekken kraftverk vil produsere om lag 8,9 GWh/år i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 445 husstandar. Isdøla kraftverk kunne produsert om lag 5,9 GWh/år.

Når det gjeld Drøllstølsbekken kraftverk har NVE lagt vekt på at inngrepa ikkje vil skilje seg ut i Sysendalen sitt landskapsrom, som i stor grad er prega av inngrep knytt til hyttebygging og reiseliv. Av omsyn til landskapet og livet i og langs elva har NVE stilt krav om minstevassføring på 150 l/s om sommaren og 10 l/s i vinterhalvåret, medan søkjaren hadde lagt til grunn ei minstevassføring på 10 l/s heile året.

NVE meiner at utbygging av Isdøla kraftverk vil råke friluftsinteressene i området i for stor grad. Reduksjonen i vassføringa og landskapsinngrepa som vil følgje av ei utbygging, veg ikkje opp mot den potensielle kraftproduksjonen. NVE har på bakgrunn av dette avslått søknaden.

 

Les meir om kraftverka:

Drøllstølsbekken kraftverk

Isdøla kraftverk

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt              tlf.: 22 95 93 89 / 901 98 216

Sakshandsamar Steinar Pettersen       tlf.: 22 95 94 03