Folkemøte om ny leidning frå Hornindal til Stranda og fire småkraftverk i Stranda
NVE arrangerer folkemøte om ny leidning frå Hornindal kommune i Sogn og Fjordane til Stranda kommune i Møre og Romsdal, og fire småkraftverk i Stranda. Møtet finn sted på Sunnylven samfunnshus i Hellesylt i Stranda kommune, tysdag 26. januar 2016 kl. 19.00.
NVE har motteke søknad frå Sogn og Fjordane Energi om konsesjon og oreigningsløyve for ein ny 132 kV luftleidning frå Tomasgard transformatorstasjon i Hornindal til Tryggestad/Litlebø i Stranda. NVE har òg motteke søknad om løyve til å byggje fire småkraftverk i Stranda.
På møtet vil søkarane presentere planane for kraftverka og for nettanlegget i kommunane. NVE vil orientere om sakshandsaminga. Det er ope for spørsmål og diskusjon.
I Stranda er kvar av småkraftsøknadane og søknaden for nettanlegget lagt ut til offentleg ettersyn i to eksemplar på rådhuset i Stranda, hjå Sparebanken Møre i Hellesylt og på Hotell Union i Geiranger. I tillegg er søknaden for nettanlegget lagt ut på kommunehuset i Hornindal.
Sakene ligg òg på NVE sine nettsider, og vil ligge ute fram til høyringsfristen går ut 5. april 2016.
Kraftleidning Tomasgard - Tryggestad