Folkemøte om sju små vasskraftverk i Beiarn kommune
NVE vil halde folkemøte om sju små vasskraftverk i Beiarn kommune i Nordland torsdag 21. april 2016 kl. 19.00 på Beiarn Vertshus.
Folkemøtet gjeld søknadar om bygging av Gamåga, Galtåga, Mårberget, Savåga, Heståga/Troåga, Høgforsen og Bruforsen kraftverk.
På møtet vil søkarane presentere planane for kraftverka, og NVE vil orientere om sakshandsaminga. Det er ope for spørsmål og diskusjon.
Søknadane er lagt ut til offentleg ettersyn på biblioteket, Coop Moldjord, Coop Storjord, Coop Tollå og på NVE si nettside fram til høyringsfristen 24. juni 2016.
Lenke til søknadane: