Korleis kan du skrive betre konsesjonssøknadar for nettanlegg? Meld deg på rettleiingsseminar 30. mars
Nye digitale rettleiarar vil gjere det lettare å skrive søknadar om utbygging av nettanlegg. For deg som utarbeidar konsesjonssøknadar og detaljplanar er det viktig å sikre god kvalitet i både innhald og struktur. 30. mars inviterer NVE til seminar om konsesjonsbehandling av nettanlegg. Meld deg på her.
Rettleiingsseminar 30. mars
På seminaret får du høyre meir om fleire tema:
- NVE sine tiltak for å redusere leietid for konsesjonsbehandling
- Korleis søkjar kan legge til rette for ein god og effektiv konsesjonsprosess
- Den nye søknadsrettleiaren
- Korleis ta omsyn til naturfare i konsesjonssøknad og detaljplan
- Utforming og behandling av detaljplan
Praktiske detaljar:
- 30. mars kl. 09:30 – 15:00 i Middelthuns gate 29, Oslo
- Moglegheit for både fysisk og digitalt oppmøte
- Pris for fysisk oppmøte er 250 kr per person inkludert lunsj