Løyve til å bygge Skarelva kraftverk
NVE gjev Tinfos AS løyve til å bygge Skarelva kraftverk i Målselv kommune i Troms. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 5,7 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 285 husstandar. I vedtak har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Skarelva kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av meir fornybar energi.
For å ta vare på ferskvannsfauna og fuktigheitskrevande arter i og langs vassdraget er det fastsett ei minstevassføring i Skarelva på 100 l/s heile året. Det er vidare lagt vekt på at alle inngrepa skal gjerast med varsemd. NVE vil sjå til at dette vert ivareteke gjennom godkjenning av detaljplanar for anlegget og oppfølging i byggetida. Detaljplanar skal og utarbeidas i nært samarbeid med Forsvaret.
NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptable i høve til allmenne og private interesser.