Publisert 10.11.2017 , sist oppdatert 13.11.2017

Løyve til å utvide og oppgradere Sylling transformatorstasjon

NVE gjev Statnett SF løyve til å utvide og oppgradere Sylling transformatorstasjon i Lier kommune i Buskerud.

Sylling transformatorstasjon er viktig for straumforsyninga i austlandsområdet og for kraftutvekslinga mot Sverige. Stasjonen er gamal, og NVE meiner det er naudsynt å fornye anlegga no.

NVE har mellom anna gitt Statnett løyve til større arealbruk, og til å byggje eit nytt kontrollbygg aust for eksisterande stasjonstomt (plasseringa er vist med gult i kartet). Dei oppgraderte anlegga blir noko meir synlege enn i dag.

NVE meiner dei største ulempene ved ombygginga, er knytt til anleggsarbeidet. Det er stilt krav om at Statnett skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan før arbeida kan starte.

 

Les meir om Sylling transformatorstasjon.

 

 

Kontaktpersonar:

Siv Sannem Inderberg, telefon 901 93 008

Anine Mølmen Andresen, telefon 22 95 98 46