Løyve til endring av konsesjon på 132 kV-leidningen Saltbotn–Årsandøy–Kolsvik
NVE gjev NTE Nett AS løyve til å byggje og drive den om lag 68,6 kilometer lange 132 kV kraftleidningen med komposittmastar. Løyvet gjeld også endring av trasé ved Sørfjordveien. Anlegga ligg i kommunane Nærøy og Bindal i Nord-Trøndelag og Nordland.
NTE Nett har tidlegare fått løyve til å byggje denne leidningen med kreosotimpregnerte tremastar. I etterkant har NTE Nett opparbeida seg gode erfaringar med komposittmastar, og NVE har no gjeve løyve til å byggje leidningen med komposittmastar. NVE vurderer at endringa ikkje vil gje nye verknader for miljø- eller arealbruk.
NVE vil samstundes gje konsesjon til ein mindre traséendring over ei strekning på om lag 1,5 kilometer ved Sørfjordveien, noko som vil gje større avstand til busetnadane i området. NVE meiner endringa vil gje små verknader for allmennheita.
NVE gjev òg NTE Nett ekspropriasjonsløyve til naudsynte grunn for å utføre tiltaket.