Løyve til Fjelldalselva kraftverk
NVE gjev NGK Utbygging AS fornya løyve til å bygge Fjelldalselva kraftverk i Brønnøy kommune i Nordland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 5,7 GWh, noko som svarar til straumbruken til 290 husstandar.
Kraftverket er planlagt med installert effekt på 1,77 MW. Utbygginga vil nytte eit fall på 93 meter og vil føre til at ei elvestrekning på om lag 800 meter får redusert vassføring. Det vil òg bli noko vegbygging.
På utbyggingsstrekninga finst naturtypen bekkekløft, og den raudlista arten gubbeskjegg er registrert. Nedre del av Fjelldalselva har gode gyte- og oppveksttilhøve for laks og sjøaure. Størsteparten av denne strekninga ligg nedstraums utbyggingsområdet.
NVE legg vekt på at tiltaket vil gje ny fornybar energi. Utbygginga vil føre til nokre negative verknader for anadrom fisk, naturtypar og landskap. Av omsyn til vasstilknytta organismar og anna biologisk mangfald på utbyggingsstrekninga har NVE fastsett ei minstevassføring på 95 l/s heile året. Det er òg krav om installasjon av automatisk forbisleppingsventil.
Etter NVE sitt syn er utbygginga med dei avbøtande tiltaka akseptabel i høve til private og allmenne interesser.
Kraftverket har fått konsesjon tidlegare, men byggefristen er gått ut. NGK Utbygging AS har derfor søkt på nytt.
NGK Utbygging AS får også løyve til å bygge og drive ein om lag 3,4 km lang 22 kV jordkabel mellom Fjelldalselva kraftverk og tilknytningspunkt i Langfjordveien.
Les meir om Fjelldalselva kraftverk.