Løyve til regulering av Rennedalsvatnet i Kvinnherad
NVE gjev Småkraft AS løyve til å regulere Rennedalsvatnet i Kvinnherad kommune i Hordaland med inntil fem meter. Reguleringa skal nyttas til auka kraftproduksjon i Gjerde kraftverk. Gjerde kraftverk produserer i dag om lag 4,5 GWh. Tiltaket vil gi om lag 1,6 GWh i auka produksjon. Dette tilsvara forbruket til om lag 80 husstandar.
NVE meiner ei regulering av Rennedalsvatnet vil vere eit positivt bidrag til å få frem meir fornybar energiproduksjon. Tiltaket vil samtidig kunne gi inntekter til søkjar, grunneigarar og kommune, og bidra til lokal verdiskapning.
Rennedalsvatnet ligger i eit område som allereie er preget av tekniske inngrep, blant anna kraftleidning, veg og bru fram til planlagt demning. Etter NVE si vurdering vil tiltaket gje enkelte ulemper for landskap og friluftsliv, som kan bøtast med mindre tiltak.
NVE vurderer at nytta av tiltaket i form av ny fornybar energiproduksjon er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til regulering av Rennedalsvatnet på nærare fastsette vilkår.