Løyve til Skittresken kraftverk
NVE gjev Statskog Energi AS løyve til å byggje Skittresken kraftverk i Hattfjelldal kommune i Nordland. Kraftverket vil produsere om lag 8 GWh årleg. Det svarer til straumbruken til om lag 400 husstandar.
Skittresken kraftverk er planlagd i Skittreskelva med reguleringsmagasin og overføring av Vesterelva. NVE gjev løyve til bygging av Skittresken kraftverk etter justert plan. I vedtaket har NVE lagt vekt på at kraftverket vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa ulemper knytt til landskap, naturmangfald og reindrift.
Overføringa av Vesterelva til Skittreskvatnet ligg ovanfor tregrensa. NVE meiner at ei smal og terrengtilpassa rørgate som er nedgraven og revegetert heile vegen ned til reguleringsmagasinet, vil dempe noko av konfliktane med det opne landskapet. Skittreskvatnet vert passivt regulert med 0,5 m. På tappestrekninga nedafor Skittreskvatnet finst naturtypen karstgrotte som verdsett til å ha medels verdi. NVE meiner at høg minstevassføring frå inntaka og reguleringsmagasinet i stor grad vil ta vare på livsmiljøet i og langs elvene og i grotta og dempe ulempa for landskap og friluftsliv. Anleggsperioden skal avtalast med Ubmeje sameby som har reindrift i området.
NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Skittresken kraftverk på nærare fastsette vilkår.
Les meir om Skittresken kraftverk.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216
Seniorrådgjevar Erik Roland, tlf. 22 95 90 24/913 97 771