Løyve til Stensrud kraftverk
NVE gjev Øderud Fossekompani AS løyve til å byggje Stensrud kraftverk i kommunane Modum og Øvre Eiker i Buskerud. Kraftverket vil produsere om lag 2,55 GWh årleg. Det svarar til straumbruken til om lag 130 husstandar.
Stensrud kraftverk vil nytte eit fall på ca. 22 meter i Bingselva mellom inntak på kotehøgde ca. 87 og kraftstasjon på kotehøgde ca. 66. Vassvegen på om lag 190 meter er planlagt som nedgrave røyr.
NVE legg vekt på at kraftverket vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa miljøeffektar. Verknadene er primært knytt til redusert vassføring og mogelege konsekvensar for fisk og eventuelle førekomstar av elvemusling. NVE meiner desse ulempene kan avgrensast ved å sette vilkår om mellom anna tilstrekkeleg minstevassføring og utforminga av inntaket. Tiltaket er etter vår vurdering ein del dyrare enn samanliknbare prosjekt, men gitt avgrensa ulemper for allmenne interesser er ikkje dette gjeve avgjerande vekt.
NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Stensrud kraftverk.
Les meir om Stensrud kraftverk