Løyve til Tindåga kraftverk
NVE gjev Salten Kraftsamband Produksjon AS løyve til å byggje Tindåga kraftverk i Gildeskål kommune i Nordland fylke. Kraftverket vil produsere om lag 7 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til ca. 350 husstandar.
I vedtaket legg NVE vekt på at ei utbygging av Tindåga kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser.
Kraftverket er planlagt i Tindåga, med hovudinntak 295 meter over havet og kraftstasjon 12 meter over havet. Vassvegen på om lag 900 meter er planlagt nedgraven på heile strekninga. NVE har vurdert tiltaket å medføre akseptable og relativt små ulemper for naturmiljøet. Konfliktane er primært knytt til moglege konsekvensar for landskap og friluftsliv. NVE har fastsette ei minstevassføring på 100 liter i sekundet i sommarsesongen (1/5 -30/9) og 37 liter i sekundet resten av året.
NVE meiner at ulempene kan avgrensast ved å sette vilkår om mellom anna tilstrekkelig minstevassføring og midlertidige anleggsveger. NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Tindåga kraftverk.