Publisert 10.03.2017 , sist oppdatert 13.03.2017

Løyve til to og avslag til fire små vasskraftverk i kommunane Tydal og Selbu

NVE har behandla seks søknadar om kraftverk i Tydal og Selbu kommunar i Sør-Trøndelag. NVE gjev løyve til Mølnåa i Selbu kommune og Styttåa kraftverk i Tydal kommune. Lødølja, Råna, Møåa og Lauva kraftverk får avslag.

Dei to kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 6,1 GWh i eit gjennomsnittleg år. Det svarar til straumbruken til om lag 300 husstandar. Kraftverka som fekk avslag kunne samla ha gjeve ytterlegare 32,2 GWh/år.

Søknadane er behandla samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av kraftverkprosjekta. Reindrift, landskap og friluftsliv har vore sentrale tema i NVE si vurdering av prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til dei kraftverka vi meiner gjev minst konflikt med desse allmenne interessene.

For å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser, er det sett vilkår til kvart av dei to prosjekta som har fått løyve. For dei kraftverka som fekk avslag, er det etter NVE si meining ikkje mogleg å sette vilkår som vil gjere konsekvensane for allmenne interesser akseptable.

 

Søkjar

Kraftverk

Produksjon (GWh)/år

Selbu Energiverk AS

Mølnåa kraftverk

4,3

Clemens Kraft AS

Lødølja kraftverk

Avslag

Clemens Kraft AS

Råna kraftverk

Avslag

An-Magritt Morset, Asbjørn Hegstad, Berit Kåsen & Kjell Kåsen

Møåa kraftverk

Avslag

Lauva Kraft AS

Lauva kraftverk

Avslag

Styttåa Kraft AS

Styttåa kraftverk

1,8

 

 

 

 

 

 

Kontaktpersonar:

Saksbehandlar Arnljot Strømseng, tlf. 22959757

Saksbehandlar Eline Nordseth Berg, tlf. 22 95 92 10

Saksbehandlar Silje Aakre Solheim, tlf. 22959544

Seksjonssjef Gry Berg, tlf. 22 95 92 20 / 41293086