Løyve til to og avslag til tre små vasskraftverk i Bardu
NVE gjev løyve til Skoelva og Salvasskardelva kraftverk, medan Tverrelva, Skinskardelva og Liveltskardelva kraftverk får avslag. Alle kraftverka ligg i Bardu kommune i Troms. Ett av dei planlagde kraftverka ligg òg i det verna Salangsvassdraget.
Dei to kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 38,1 GWh straum i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 1900 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gitt ytterlegare 36,4 GWh/år. Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftprosjekta.
Verknad på verneverdiane har vore det viktigaste temaet i NVE si vurdering av Liveltskardelva kraftverk. Verneverdiane er mellom anna knytt til biologiske verdiar i eit referansevassdrag. For Tverrelva og Skinskardelva kraftverk har biologisk mangfald, landskap, urørtheit og reindrift vore dei viktigaste tema.
Det er gjeve konsesjon til kraftverka som NVE meiner har dei lågast innverknadane på ålmenne interesser. Sjølv om planane om Skoelva kraftverk møtte ein del motstand i den offentlege høyringa meiner NVE at verknadane er akseptable gitt avbøtande tiltak.
For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve. Etter NVE si vurdering vil mindre tilpassingar heller ikkje kunne endre vår konklusjon i dei resterande sakene.
Søkjar |
Kraftverk |
Produksjon (GWh)/år |
Nordkraft Produksjon AS |
Skoelva kraftverk |
16,5 |
Småkraft AS |
Tverrelva kraftverk |
Avslag |
Skinskardelva kraft (SUS) |
Skinskardelva kraftverk |
Avslag |
Statskog Energi AS |
Salvasskardelva kraftverk |
21,6 |
Livelt kraft (SUS) |
Liveltskardelva kraftverk |
Avslag |
Les meir om kvart enkelt kraftverk:
Skoelva kraftverk
https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak/?id=6378&type=V-1
Tverrelva kraftverk
https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak/?id=5966&type=V-1
Skinskardelva kraftverk
https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak/?id=6011&type=V-1
Salvasskardelva kraftverk
https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak/?id=6948&type=V-1
Liveltskardelva kraftverk
https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak/?id=6949&type=V-1