Løyve til tre, og avslag til fire, små vasskraftverk i Beiarn i Nordland
NVE gjev løyve til Heståga og Troåga, Gamåga og Mårberget kraftverk, medan Galtåga, Savåga, Høgforsen og Bruforsen kraftverk får avslag.
Dei tre kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 27,8 GWh straum i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 1390 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve 67,6 GWh/år.
Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Verknad på anadrom fisk i nasjonal laksevassdrag har vore det viktigaste temaet i NVEs vurdering av Høgforsen og Bruforsen kraftverk. Reindrift, omsyn til urørt natur, biologisk mangfald, landskap og samla belastning har vore sentrale tema i NVEs vurdering. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som vi meiner gjev minst konflikt med desse ålmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.
For å redusere dei negative verknadane for ålmenne interesser er det sett vilkår som mildnande tiltak til kvart av prosjekta som har fått løyve. Etter NVEs vurdering vil aktuelle tilpassingar ikkje vere tilstrekkeleg for å få løyve til å byggje kraftverka som fekk avslag.
Les meir om kvart enkelt kraftverk:
Søkar: SKS Produksjon AS, Produksjon (GWh)/år: Avslag
Søkar: Norsk vannkraft AS, Produksjon (GWh)/år: Avslag
Søkar: Norsk vannkraft AS, Produksjon (GWh)/år: 6,7
Søkar: SKS Produksjon AS, Produksjon (GWh)/år: 9,0
Søkar: SKS Produksjon AS, Produksjon (GWh)/år: Avslag
Søkar: SKS Produksjon AS, Produksjon (GWh)/år: Avslag
Søkar: NGK Utbygging AS, Produksjon (GWh)/år: 12,1