Meir kraft og betre vassdragsmiljø i Bjoreio
På grunn av kraftverkets miljøpåverknad vart Tveitafoss kraftverk innkalla til konsesjonshandsaming i 2019. NVE har etter omfattande vurderingar konkludert med at ei dobling i kraftproduksjon også er til beste for miljøhøva i Bjoreio.
Tveitafoss kraftverk er eit eldre og konsesjonslaust kraftverk, som ligg øvst på den strekninga som laks og sjøaure nyttar i Bjoreio. I lengre tid er det jobba aktivt for å betre høva for laks og sjøaure i Bjoreio, med blant anna auka minstevassføring i elva på vinteren for å sikre rogna. Men drifta til Tveitafoss har i periodar skapt utfordringar for fisken, spesielt på vinterstid. NVE har difor kalla kraftverket inn til konsesjonsbehandling.
I sin konsesjonssøknad skisserte Hardanger Energi to alternativ for framleis drift av kraftverket; det eine som i dag, det andre med ei dobling av kraftproduksjonen.
– Utan nye, større inngrep kan vi her få ei auke i produksjon av fornybar energi frå 10 GWh til 23 GWh. Samstundes vil dei avbøtande tiltaka sikre miljøhøva for fisken i vassdraget på ein heilt anna måte enn tidlegare, seier seksjonssjef for vassdragskonsesjonar Carsten Jensen.
Viktig for å nå miljømåla for Bjoreio
Auka utnytting av vatnet vil i periodar gje mindre vatn i sjølve Tveitafossen. Samstundes vil den no aldri gå tørr, sidan NVE pålegg ei minstevassføring i Bjoreio forbi kraftverket. I tillegg vil det være krav om jamn drift og ein ny og større omløpsventil som skal hindre brå endringar i vassføring nedanfor kraftverket. Samla er dette dei viktigaste avbøtande tiltaka som skal sikre betra forhald for laks og sjøaure i Bjoreio.
Vassforvaltningsplanen for Vestland seier at Bjoreio skal ha betre miljøtilstand innan 2027. NVE meiner at konsesjonen til Hardanger Energi, saman med den pågåande vilkårsrevisjonen for Statkraft sine anlegg i Eidfjord Nord, er viktige steg i retning av å nå desse måla.