Publisert 12.01.2021

NVE gir Eidefoss Nett løyve til å oppretthalde kraftleidninga mellom Tolstadåsen og Vågåmo

Det vart i 2015 satt vilkår om å rive kraftleidninga som går gjennom Vågå og Sel. NVE har no gjeve Eidefoss Nett løyve til å behalde den, mellom anna av omsyn til forsyningstryggleiken i området.

I konsesjon til tilknyting av Nedre Otta kraftverk, gjeve i kongeleg resolusjon 4. november 2015, vert det sett vilkår om riving av 66 kV-leidninga Tolstadåsen–Vågåmo i kommunane Vågå og Sel. NVE har oppheva vilkåret, fordi det etter deira vurderingar ikkje lenger er fornuftig å rive leidninga.

Forsyningstryggleiken må oppretthaldast

NVE vurderer at viktige føresegner har endra seg sidan vilkåret vert sett. Andre tiltak i nettet som skulle ivareta forsyningstryggleiken i regionen, har vist seg teknisk utfordrande og langt meir kostbare å bygge. Utan andre tiltak i nettet vil riving av 66 kV-leidninga Tolstadåsen–Vågåmo gi redusert forsyningstryggleik, noko som ikkje er akseptabelt.

Ulempa med å oppretthalde leidninga er at dei forventa positive miljø- og arealverknadene av å rive leidninga ikkje vert realisert, som til dømes redusert bandlegging av areal, mindre visuelle verknader og verknader for naturmangfald. NVE har likevel vurdert at dei samla negative miljø- og arealverknadene ikkje er så store at dei kan forsvare meirkostnaden på over 50 millionar kroner for alternative løysingar eller redusert forsyningstryggleik.

Les meir om saka her.

Kontaktpersonar

Seksjonssjef Lisa Hammer
Tlf: 41906523

Seniorrådgjevar Tanja Midtsian
Tlf: 97083737