Publisert 14.08.2024

NVE gir løyve til å bygge to transformatorstasjonar i Kvinnherad

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt Statnett SF og Fagne AS løyve til å bygge dei to transformatorstasjonane Onarheim og Øyra på Husnes i Kvinnherad kommune.

Foto: Catchlight/NVE

Bakgrunnen for vedtaket er at dagens Husnes transformatorstasjon er gammal og utdatert, samt at det er forventa ei auke i kraftforbruk i underliggande nett. Denne auka i regionalnettet krev meir transformatorkapasitet.  

Bygginga av stasjonane vil leggje til rette for ei framtidsretta utvikling av kraftnettet, auka forbruk i regionen og tilknyting av fornybar kraftproduksjon. Betre transformatorkapasitet vil og betre forsyningstryggleiken i området. NVE meiner tiltaka er naudsynt, og at ulempene ved tiltaka kan avbøtast på ein god måte.   

Statnett planlegg desse endringane på Husnes 

Statnett skal bygge Onarheim transformatorstasjon som eit utandørs anlegg med spenningsnivå på 420 kV. Den nye stasjonen skal erstatte eksisterande Husnes transformatorstasjon og byggast rett vest for industriområdet Hydro Husnes. Husnes transformatorstasjon skal behaldast som eit koplingspunkt i nettet. 

Løyvet omfattar òg endringar på dagens Husnes transformatorstasjon og på kraftleidningar som går inn til Husnes stasjon, men som i framtida skal gå inn til Onarheim stasjon. Det gis vidare løyve til å rive delar av leidningane frå Blåfalli. Dette gjeld eit strekke frå Hellandslia og inn til Husnes stasjon. I anleggsperioden vert det òg gitt løyve til ei midlertidig omlegging av leidningstraseen på sørsida av dagens trasear frå Blåfalli.  

Fagne byggar innandørs anlegg 

Fagne sin Øyra transformatorstasjon skal byggas som eit innandørs anlegg med spenningsnivå på 132 kV. Stasjonen skal plasserast øst for og i tett tilknyting til Onarheim stasjon. Det er og gitt løyve til å bygge nye leidningsforbindelsar mellom stasjonane Øyra, Onarheim og dagens Husnes stasjon. 

NVE gir òg oreigningsløyve (ekspropriasjon) til Statnett og Fagne for naudsynt grunn og tilkomst slik at dei kan gjennomføre tiltaka. Oreigningsløyvet gjeld naudsynt bruksrett i kraftleidningstraseen, riggplassar, massedeponi, åtkomstvegar og eigedomsrett til tomt for transformatorstasjon og tilkommeveg.

Krav om detaljplan 

NVE har stilt vilkår om at Statnett og Fagne skal utarbeide ein detaljplan som syner korleis anleggsarbeidet skal gjennomførast for å minimere verknadene for lokalsamfunnet. Verknadene er primært knytt til visuelle verknader, friluftsliv, naturmangfald, arealbruk og inngrep i vassdrag. Planen skal godkjennast av NVE før arbeidet kan starte.  

Kontakt

Ingrid Myrtveit, seksjonssjef nettkonsesjonar
Tlf: 22 95 93 28 

Rune Sakariassen, sakshandsamar
Tlf:
22 95 92 68