Publisert 20.03.2025

NVE gir løyve til å endre planane for Røvatn kraftverk

NVE gir Ballangen Energi AS løyve til å endre planane for Røvatn kraftverk i Narvik kommune, Nordland fylke. Dei får løyve til å drive tilløpstunnel frå Hjertvatnet til Røvatn ved konvensjonell tunneldrift, og til å deponere massar i reguleringssona til Hjertvatnet. I tillegg får Ballangen Energi AS løyve til forlenga byggefrist.

Hjertvatnet. Foto: NVE

Røvatn kraftverk fekk løyve til å bygge i desember 2017. I konsesjonen vart det gitt løyve til å overføre vatn frå Røvatn til Hjertvatnet, og til å bygge Røvatn kraftverk. I konsesjonen er det satt vilkår om driving av tunnel med fullprofil boremaskin, og deponering av masser under lågaste regulerte vasstand i Hjertvatnet.

I prosjekteringa av tiltaket vart det avdekt utfordringar med å realisere tunnel og massedeponi slik det var lagt til grunn i konsesjonen. Ballangen Energi AS har derfor søkt om å drive tunnel ved konvensjonell drift, og til å deponere massane på land.

NVE gir løyve til konvensjonell drift av tunnel

I tunnelens øvre del er det registrert ei kalkhaldig svak sone. Dette vil gjere det utfordrande å bruke tunnelboremaskin, og fagpersonar har derfor rådd frå å ta i bruk denne metoden. Konvensjonell drift inneber meir massar, og vil innehalde restar frå sprengstoff og sprøytebetong. I NVE si vurdering av fordelar og ulemper har vi komme fram til at dette kan aksepterast, og lagt stor vekt på at tunnelboremaskin er frårådd som drivemetode. Det er også få kommentarar knytt til endra drivemetode i innsende høyringsfråsegn. NVE gir på bakgrunn av dette løyve til å drive tunnelen ved bruk av konvensjonell drift.

NVE gir ikkje løyve til landdeponi

Dette er eit område som blir brukt som reinbeiteområde heile året. Frostisen reinbeitedistrikt meiner at eit landdeponi vil forstyrre beitemønsteret, og ønskjer ikkje å ha eit deponi av massar på land. NVE har lagt stor vekt på ulempene for reinen si bruk av området, og gir ikkje løyve til landdeponi.

Alternativet er å deponere massar frå konvensjonell drift  i reguleringssona til Hjertvatnet. Dette kan få negative konsekvensar for vasskvalitet og akvatiske organismar. Sidan Hjertvatnet er eit stort vatn er det likevel ikkje forventa at vasskvaliteten vil bli påverka i særleg grad. NVE har samstundes lagt til grunn at føresette mildnande tiltak vil være med på å avgrense moglege konsekvensar for naturmiljøet i vatnet.  

–Deponering av massar på land ville gitt noko færre konsekvensar for Hjertvatnet. Samstundes vil eit landdeponi gi ulemper for Frostisen reinbeitedistrikt. I dette tilfellet meiner vi derfor at det er mest formålstenleg å ta i bruk reguleringssona, for å mildne konsekvensane på land, seier Carsten Jensen, seksjonssjef i NVE.

Forlenga byggefrist til 8. desember 2027

Ballangen Energi AS hadde i konsesjonen frå 2017 byggefrist . Dei har søkt om å forlengje denne til 8. desember 2027, og fått løyve til det.

Kontaktpersonar

Brit Torill Haugen, seniorrådgjevar

E-post: bth@nve.no

Tlf. 22 95 90 89

 

Anne Karine Herland, seniorrådgjevar

E-post: akh@nve.no

Tlf. 22 95 91 99