NVE gir løyve til vassuttak og fiskepassasje i elva Kaldvella i Trøndelag
NVE har gitt Settefiskanlegget Lundamo løyve til vassuttak frå elva Kaldvella for bruk til fiskeoppdrett, og etablering av fiskepassasje. Dette er eit av dei største enkelttiltaka for å betre forholda for sjøaure i Gaulavassdraget.
Kultiveringsanlegget på Ler er eit eksisterande anlegg som NVE har kalla inn til konsesjonshandsaming, fordi tersklar tilhøyrande inntakskonstruksjonen i dag sperrer for vidare oppgang av sjøøaure og laks i elva. Dette er til vesentleg ulempe for naturmangfald.
NVE gir Settefiskanlegget Lundamo løyve etter vassressurslova til eit maksimalt vassuttak på 66 liter i sekundet frå Kaldvella i Gaulavassdraget. Vatnet skal brukast til produksjon av fisk for utsetting i vassdrag. Dette formaliserer eksisterande drift ved anlegget.
Tiltak skal betre forholda for sjøaure
Kaldvella er ei sideelv til Gaula, og viktig gyte- og oppvekstområde for sjøaure. Det skal leggast til rette for fiskevandring i øvre del av Kaldvella ved at nedre terskel blir fjerna, og at det blir etablert tovegs fiskepassasje forbi øvre terskel ved inntaket til anlegget. Tiltaka vil føre til at 5,3 km elvestrekning (24 000 m2) blir tilgjengeleg for sjøaure og laks. Dette arealet inneheld gode gyte- og oppvekstareal for særleg sjøaure. Betring av moglegheita for fiskevandring i Kaldvella er eit av dei største enkelttiltaka for å betre forholda for sjøaure i Gaulavassdraget.
Gaulavassdraget er både verna vassdrag og nasjonalt laksevassdrag. Etter ei heilskapleg vurdering meiner NVE at tiltaka er positivt for ivaretaking av verneverdiane til Gaulavassdraget og ikkje i konflikt med beskyttelsesregimet for nasjonale laksevassdrag
Les meir om konsesjon til vassuttak frå Kaldvella og løyve til etablering av fiskepassasje