NVE gjev løyve til å legge ned dam Gartetjenn i Risør
På grunn av for dårleg sikkerheit får Risør kommune løyve til å legge ned dam Gartetjenn. Det er ingen andre som har meldt interesse for å ta over dammen og betale kostnadene for den nødvendige oppgraderinga.
Dam Gartetjenn i Risør oppfyller ikkje krava til sikkerheit i damforskriften, og må derfor enten oppgraderast eller rivast. Det er Risør kommune som eig dammen, og på grunn av kostnadene for oppgradering har dei søkt om at dammen rivast.
Får løyve til nedlegging
Vassressurslova er tydeleg på at dersom dameigar ikkje ynskjer å vedlikehalde dammen, skal den leggast ned og vassdraget settast i stand slik det var før utbygging, så langt det lar seg gjere. Løyve til nedlegging skal gis dersom ikkje særlege grunner talar i mot. NVE har derfor gitt kommunen løyve til å legge ned dam Gartetjenn.
Det er heller ingen andre som har meldt interesse for å ta over dammen, og betale kostnadene for den nødvendige oppgraderinga.
Negative konsekvenser for fisk og friluft
Gartetjenn vil få lågare vasstand som følgje av at dammen blir lagt ned. Dei største negative konsekvensane vil vere at habitatet til ål, som er sterkt trua på norsk rødliste, blir forringa. Det blir i tillegg dårlegare tilhøve for lokal fisk i eit godt fiskevatn. Ei nedlegging av dammen vil og ha konsekvensar for friluftsopplevinga. I ei avgrensa periode vil nedlegginga føre til synleg inngrep.
NVE har satt vilkår til korleis nedlegginga skal skje, for å minimere dei negative konsekvensene. For meir informasjon sjå sakas nettside.