NVE gjev løyve til å teste havvindteknologi i Mehuken vindkraftverk
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjev Kvalheim Kraft DA konsesjon for å bygge og drifte ein testturbin for havvindteknologi i Mehuken vindkraftverk.
Mehuken vindkraftverk i Kinn kommune har i dag elleve vindturbinar i drift. NVE har no gjeve løyve til å etablere ein testturbin for offshore vindteknologi i same område. Turbinen skal settast opp på land, der det tidlegare har stått ein annan vindturbin.
– Mehuken testturbin representerer utvikling av ny teknologi for flytande havvind, og vertskommunen er positiv. Vi har lagt stor vekt på dette i avgjerda vår. I tillegg er testturbinen i tråd med fleire stortingsvedtak og regjeringa sine mål om teknologiutvikling knytt til flytande havvind, seier Svein Grotli Skogen, seksjonssjef i NVE.
Testturbinen er ein ny type teknologi for flytande vindkraft til havs. For å få verifisert og typegodkjent teknologien, lyt selskapet teste turbinen i eit kystnært område med høge vindhastigheitar. Målet med teknologien, som testturbinen er ein del av, er vesentleg reduksjon i kostnadane for flytande havvind.
Får løyve for tre år
Testturbinen får løyve for ein driftsperiode på tre år. Turbinen vert 65 meter høg og vil ha ei installert effekt på inntil 1 MW.
I løpet av dei tre åra skal turbinen testast i to ulike oppsett, med tre og fire rotorblad. Målet er å observere korleis turbinen presterer med dei forskjellige rotorane. Rotorfarta og rotordiameteren er lik for begge oppsetta.
Må gjennomføre støymålingar
NVE har lagt vekt på støy og visuelle verknader knytt til testturbinen. Medan sistnemnde i liten grad kan reduserast, har NVE sett vilkår i løyvet om kva det maksimale støynivået frå testturbinen kan vere. NVE har og pålagt konsesjonær å gjennomføre støymålingar to gonger i løpet av driftsperioden, for å dokumentere støynivået.
Plasseringa av testturbinen vist med raud pil (illustrasjon: konsesjonssøknaden).
Les meir om saka på konsesjonssidene til NVE.