Publisert 16.05.2024

NVE har gjeve Statnett løyve til å bygge ny transformatorstasjon i Fortun

Den 16. mai gav Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) Statnett SF løyve til å bygge ein ny transformatorstasjon på Jamnene i Fortun i Luster.

Foto: Statnett

Viktig for straumforsyninga i Vestland

-Statnetts anlegg i Fortun treng oppgradering for å sikre forsyningstryggleiken i regionen. I tillegg vil ein ny stasjon gjere det mogleg å knyte til ny fornybar kraftproduksjon, inkludert vasskraftprosjekt som tidlegare er gjeve konsesjon, seier Ingrid Myrtveit, seksjonssjef i NVE.

Ny bru over Fortunselvi

I tillegg til stasjonen, har Statnett mellom anna fått løyve til å erstatte brua mellom Skagen og Yttri/Jamnene med ei ny og større bru. Denne er naudsynt for å gjennomføre anleggsarbeidet og for å transportere transformatorar til den nye stasjonen.

Stiller krav til anleggsarbeidet

Gjennom høyring av søknaden, folkemøte og synfaring, meiner vi at vi har funne den beste løysinga for plassering og utforming av stasjonen. Vi stiller óg krav om at Statnett skal lage ein detaljplan som skal syne korleis anleggsarbeidet skal gjennomførast for å minimere verknadene for lokalsamfunnet. Planen skal godkjennast av NVE før arbeidet kan starte.

 Søknad, anleggskonsesjon, bakgrunnsnotat og vedlegg er tilgjengeleg på www.nve.no/8702/A.

 

Kontakt

Seksjonssjef nettkonsesjonar: Ingrid Myrtveit, inmy@nve.no 22959328

Sakshandsamar: Jan Are Gildestad, jag@nve.no 22959438