Publisert 09.03.2023

NVE tilrår meir miljøvennlege konsesjonsvilkår for Skjomenvassdraga i Narvik kommune

NVE har gjennomført ein revisjon av konsesjonsvilkåra for Skjomenvassdraga i Nordland. Den fremste endringa gjeld krav om slepp av minstevassføring på dei nedre delane av elva Skjoma, for å betre leve- og oppvekstvilkåra for laks og sjøaure.  

Samløpet i Skjoma (foto:NVE)

– No har NVE sendt ei innstilling til Olje- og energidepartementet, der vi tilrår at dei gamle vilkåra blir erstatta av moderne konsesjonsvilkår for reguleringa. Det vil og føre til betydelege miljøforbetringar i eit vassdrag med store og viktige miljøverdiar, seier direktør i energi- og konsesjonsavdelinga til NVE, Inga Nordberg.  

Dei nye vilkåra vil gi styresmaktene utvida moglegheiter til å pålegge Statkraft å gjennomføre undersøkingar og ulike avbøtande tiltak.

Det er Narvik kommune som har stilt krav om miljøforbetrande tiltak i områda som blir påverka av konsesjonsvilkåra for Skjomenvassdraga i Nordland. Statkraft Energi AS er konsesjonær for reguleringa. 

Minstevassføring gjev betre vilkår for fisken 

NVE tilrår at det sleppast minstevassføring i elva Skjoma gjennom heile året, for å betre oppvekst- og levevilkåra for laks og sjøaure. Dette har vore eit sentralt tema i høyringsinnspela som har kome i saken. Utfordringane for fiskebestanden er godt dokumentert i undersøkingar over fleire år.

Det foreslegne vasslippet vil gi eit produksjonstap like i underkant av 40 GWh, samanlikna med i dag. Dette er ikkje eit ubetydeleg produksjonstap, men NVE har i denne saka lagt stor vekt på omsynet til miljøverdiane i vassdraget. NVE legg vekt på at minstevassføringa vil gi vesentlege miljøforbetringar i eit viktig lakse- og sjøaurevassdrag, og at Skjomen er prioritert i nyleg godkjend regional plan for vassforvaltning.

– I åra framover skal fleire vassdrag gjennom ein vilkårsrevisjon. Pålegg om minstevassføring vil bli fastsett i dei sakene der det gir størst miljøgevinst. NVE meiner Skjoma er ein av dei, seier Nordberg.  

Etter NVEs vurdering vil ikkje det foreslegne vasslippet gå ut over fleksibilitet og forsyningstryggleik i regionen.

Ønskjer ein tiltaksplan for Skjoma

NVE tilrår ikkje pålegg om magasinrestriksjonar i nokon av magasina i vassdraget, av omsyn til kraftanleggas betydning for reguleringsevne og fleksibilitet.

NVE tilrår vidare at Statkraft blir pålagt å utarbeide eit forslag til tiltaksplan for å betre dei biologiske forholda i Skjoma, i hovudsak av omsyn til fisk og fiskevandringar.  Dei nye vilkåra vil elles dekkja mange av dei andre revisjonskrava og gi heimel til å påleggja naturfaglege undersøkingar, tiltak for friluftsliv og kulturminneundersøkingar.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare oppfølginga av saka, og endeleg vedtak blir tatt av Kongen i statsråd (kongeleg resolusjon). 

Kontakt

Inga Nordberg, avdelingsdirektør
tlf. 90 98 36 28

Carsten Stig Jensen, seksjonssjef
tlf. 90 85 02 06