Publisert 18.10.2022

NVE tilrår meir miljøvennlege konsesjonsvilkår for Svorka kraftverk i Surnadal

Surnadal kommune har stilt krav om miljøforbetrande tiltak i vatn og elvar som blir påverka av Svorka kraftverk i Møre og Romsdal. På grunnlag av krava har NVE gjennomført ein revisjon av konsesjonsvilkåra for reguleringa av elvane Svorka og Bøvra, og tilrår visse endringar.

Samløpet med Litjbøvra, Nergården (foto: Anne Karine Herland/NVE)

NVE har sendt innstilling til Olje- og energidepartementet, der ein rår til at dei gamle vilkåra blir erstatta av moderne konsesjonsvilkår for reguleringa. Dei nye vilkåra gir styresmaktene moglegheit til å pålegga ulike undersøkingar og avbøtande tiltak, i heile konsesjonstida. Det er Svorka Energi AS som er konsesjonær for reguleringa.

NVE rår og til at det skal sleppast minstevassføring i elva Litjbøvra og minstevassføring nedstraums Svorka kraftverk. NVE foreslår at det innstallerast ein omløpsventil i Svorka kraftverk og begrensningar i drifta av kraftverket, slik at ein reduserar døgnbasert effektkøyring. Med desse forslaga vil forholda for fiskebestandane i Bøvra kunne betrast betrakteleg. Tiltaka kan gjennomførast med eit begrensa krafttap.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare oppfølginga av saka, og endeleg vedtak blir tatt av Kongen i statsråd (kongeleg resolusjon). Les meir om innstillinga her.

Kontakt

Carsten Stig Jensen, seksjonssjef
tlf. 908 50 206

Frank Jørgensen, sakshandsamar
tlf. 458 73 178