NVE tilrår nye konsesjonsvilkår for Savalen, Fundin og Rendalsoverføringa i Glommavassdraget
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje nye konsesjonsvilkår for reguleringa av Fundin og Savalen, og for overføringa av vatn frå Glomma til Rendalen. Dei nye vilkåra gir moglegheit til å pålegge undersøkingar og avbøtande tiltak som betrar miljø- og naturforholda i vassdraga.
Kommunane Rendalen, Alvdal, Stor-Elvdal, Åmot, Folldal og Tynset har stilt krav om miljøforbetrande tiltak i vatn og elvar som blir påverka av fleire reguleringar i Glommavassdraget. Det gjeld reguleringane av Savalen, Fundin og Rendalsoverføringa, som er overføringa av vatn frå Glomma til Rendalen. På grunnlag av krava har NVE gjennomført ei revisjon av konsesjonsvilkåra. Det er Glommens og Laagens Brukseierforening (GLB) som er konsesjonær for reguleringane og overføringa.
Moderne konsesjonsvilkår
Hovudformålet med ein vilkårsrevisjon er å betre miljø- og naturforholda gjennom tiltak som avbøter ulemper og negative verknader ved vasskraftutbygginga. NVE tilrår derfor meir moderne konsesjonsvilkår for reguleringa av vassdraga.
Dei nye vilkåra vil gi styresmaktene utvida moglegheiter til å pålegge GLB å gjennomføre undersøkingar og ulike avbøtande tiltak. Vilkåra vil og dekke ein del av innspela og krava som har komme i høyringsprosessen. Det gjeld mellom anna vitskapelege undersøkingar, ulike tiltak for fisk og erosjonstiltak.
Manøvrering, minstevassføring og vasstand
Når det gjeld krav til minstevassføring og vasstand anbefaler NVE i stor grad at dagens manøvreringsreglement oppretthaldast.
NVE meiner det er viktig å oppretthalde god reguleringsevne og fleksibilitet i manøvreringa av Savalen og Fundin av omsyn til kraftproduksjon og flaumhandtering. Av den grunn tilrår NVE å ikkje endre dagens restriksjonar på manøvreringa i Savalen, eller å innføre nokre nye i Fundin.
Reglane for slipp av vatn forbi Høyegga dam i Glomma vart endra i 2015, og dette har gitt meir vatn i elva nedanfor dammen i tørre periodar på sommaren. Saman med utbetring av fisketrappa i 2016 har endringa ført til auka vandring av fisk forbi dammen. NVE meiner moglege fordelar for fisk, botndyr og landskap av ytterlegare auka slipp av vatn ikkje veg opp for tapt kraftproduksjon i Rendalen og Løpet kraftverk. Det er derfor ikkje tilrådd å endre regimet for minstevassføring forbi Høyegga dam i Glomma.
NVE tilrår og å vidareføre dagens krav til slipp av vatn forbi Fundin dam til Einunna. Miljøtilstanden i Einunna er allereie god, og økt minstevassføring vil forsinke oppfyllinga av magasinet.
Når det gjeld Lomnessjøen har NVE ikkje funne grunnlag for å pålegge GLB å gjennomføre fleire utgreiingar eller tiltak for å senke vasstanden.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare oppfølginga av saka, og endeleg vedtak blir tatt av Kongen i statsråd (kongeleg resolusjon). Les meir om innstillinga her.