Publisert 14.12.2023

NVE tilrår nye miljøkrav for vasskraftverka i Eidfjord Nord

I vilkårsrevisjonen av Eidfjord Nord tilrår NVE nye og moderne vilkår for vasskraftverka i området. Mellom anna vil laks og sjøaure nedstrøms Vøringsfossen få betre miljøhøve. Totalproduksjonen vil gå ned med om lag 9 GWh, men anlegga si reguleringsevne blir oppretthaldt.

Vøringsfossen (foto: NVE)

Konsesjonen til å regulere vassdraga i Eidfjord Nord vart gjeve i mai 1973. Etter krav frå kommunar og organisasjonar har NVE gjennomført ein revisjon av konsesjonsvilkåra til vasskraftreguleringane.

– At Vøringsfossen framleis skulle vere eit tydelege landskapselement i dalen også etter reguleringa, var kanskje det viktigaste omsynet då konsesjonen vart gjeven for kraftutbygging i Eidfjord Nord. No, 30 år seinare, meiner vi at konsesjonsvilkåra bør endrast noko for også å ta omsyn til andre miljøverder, seier Inga Nordberg, direktør i energi- og konsesjonsavdelinga i NVE.

Kaldt vatn og dårlegare vekst for laks og sjøaure

Laksebestanden i Bjoreio har dei siste to tiåra utvikla seg negativt. Det er gjort mange tiltak og forsøk på å betre forholda for laks og sjøaure i elva. I dag veit vi at det er vasstemperaturen om sommaren og vassføringa om vinteren som er dei største flaskehalsane for fisken. Av omsyn til laks og sjøaure, ser NVE det som naudsynt å få vasstemperaturen om sommaren til å nærme seg det naturlege. Samstundes må vintervassføringa aukast.

– At Bjoreio no er kaldare på sommaren enn naturleg, er ein fylgje av reguleringa. Forslaga våre vil bidra til at rekrutteringa til fiskebestandane aukar, seier Nordberg.

For å heve vasstemperaturen om sommaren foreslår NVE å auke delen av minstevassføringa som kjem frå Isdøla og Bjoreio ovanfor Sysenvatn. Vøringsfossen som landskapselement skal ikkje bli nemneverdig redusert med det nye vassføringsregimet.

Foreslår nye, moderne vilkår

NVE tilrår å sikre ei minstevassføring gjennom året i delar av Sima, slik at høva for fisken blir langt betre. NVE tilrår vidare at Statkraft bidreg med 2,5 millionar kroner til villreinfondet for Hardangervidda.

Utover krav om minstevassføring har det og kome inn krav om til dømes tiltak for friluftslivet og kulturminne. Dei nye vilkåra vil gje styresmaktene utvida grunnlag til å fylgje opp mange av desse krava.

Liten påverknad på kraftsystemet og stor miljøgevinst

Kraftverka knytt til reguleringane i Eidfjord Nord er store og produserer om lag 3,1 TWh kvart år. Samstundes har dei gode moglegheiter for regulering og utløp i fjorden. Difor er kraftverka viktige bidragsytarar når etterspurnaden etter kraft er stor. NVE meiner dei nye vilkåra ikkje vil svekkje forsyningstryggleiken kraftverka bidreg med. Dei vil framleis vere viktige leverandørar når behovet for straum er størst.

– Vi meiner miljøgevinsten er såpass stor at det veg opp for at totalproduksjonen går ned med litt under 0,3 prosent (9 GWh), seier Nordberg.

Fleire av krava som er fremja gjennom prosessen, til dømes vasslepp i Austdøla og magasinrestriksjonar av omsyn til friluftslivet, ville ha medført så stor påverknad på kraftsystemet at NVE ikkje tilrår at dei resulterer i nye vilkår.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare oppfølginga av saka, og endeleg vedtak blir teken av Kongen i statsråd. Les meir om innstillinga her.

Kontakt

Carsten Jensen, seksjonssjef
Tlf. 908 50 206

Ingrid Haug, fagleiar for vilkårsrevisjonar
Tlf. 970 84 015