Publisert 25.11.2021 , sist oppdatert 26.11.2021

NVE tilrår konsesjon for Frosen kraftverk

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Hafslund E-CO
Vannkraft AS konsesjon for bygging av Frosen kraftverk mellom reguleringsmagasina Stolsvatn og Rødungen i Ål kommune, Viken fylke.  

Visualisering av kraftstasjon og ny veg. Illustrasjon: Hafslund E-CO Vannkraft AS

NVE har handsama søknad frå Hafslund E-CO Vannkraft AS om bygging av Frosen kraftverk, og søknad frå Nordkraft Prosjekt AS om bygging av Mjåvatn kraftverk. Begge prosjekta vil utnytte fallet mellom Stolsvatn og Rødungen i Ål kommune, og berre eit av kraftverka kan få konsesjon. 

NVE rår til at det blir gjeve konsesjon for bygging av Frosen kraftverk. NVE meiner at Frosen kraftverk samla sett gir høgare samfunnsnytte enn Mjåvatn kraftverk, mellom anna fordi det er betre tilpassa behovet for fleksibilitet i Holsreguleringa som Stolsvatn og Rødungen er ein del av.

NVE rår til slipp av minstevassføring til Juvåne av omsyn til aure i elva og Tvistvatn, og elva si verknad på landskapet. 

For meir informasjon kan ein lese vedtaka for Frosen kraftverk og Mjåvatn kraftverk. 

Kontakt

Carsten Jensen, seksjonssjef
tlf. 90 85 02 06

Inga Nordberg, direktør
tlf. 909 83 628