Publisert 30.05.2018

NVE tilrår løyve til å overføre Øvre Flisa og Østre Æra til Osensjøen

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje GLB løyve til å overføre vatn frå Øvre Flisa og Østre Æra til Osensjøen i kommunane Åmot, Trysil og Elverum, i Hedmark fylke.

Glommens og Laagens Brukseierforening (GLB) ynskjer å demme opp Håsjøene, Håengsjøen og Kjerringtjønna til eit inntaksmagasin i Øvre Flisa. Vatn herifrå skal føres over til Vesle Ossjøen og vidare til Osensjøen. GLB søker også om å føre vatn frå Østre Æra inn på tilløpstunnelen til Osa vasskraftverk.

Overføringane vil gje om lag 18,6 GWh/år i ny regulerbar kraft i Osa kraftverk og kraftverka nedstraums i Rena og Glomma. Dette er straumbruken til om lag 930 husstandar.

Dei negative konsekvensane er hovudsakleg knytt til oppdemming og regulering av inntaksmagasinet, og lågare vassføring i Flisavassdraget.

NVE meiner ulempene ved overføringane er akseptable, og at GLB bør få løyve til å overføre vatn. Vi tilrår at GLB får byggje inntaksmagasinet etter alternativet som hevar vasstanden til 451,27 moh. NVE meiner ulempene til dels lar seg avbøte med slipp av minstevassføring og ei god detaljplanlegging av inngrepa. NVE legg vekt på at prosjektet har relativt låg utbyggingskostnad, og at det vil gje ny regulerbar kraft i eit allereie utbygd vassdrag.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir om overføring av Øvre Flisa og Østre Æra til Osensjøen her.

Kontaktpersonar

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 901 98 216
Sakshandsamar George Nicholas Nelson, tlf. 229 59 217