Publisert 21.02.2019 , sist oppdatert 22.02.2019

NVE tilrår nye konsesjonsvilkår for Hjartdal-Tuddalsvassdraget

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Skagerak Kraft AS (SK) nye konsesjonsvilkår for reguleringen av Hjartdal-Tuddalsvassdraget i kommunane Hjartdal og Seljord i Telemark.

På bakgrunn av krav frå Hjartdal kommune, Norges Jeger- og fiskerforbund (NJFF) avd. Telemark, Reisjå og Bondal utmarkslag, grunneigarar ved Sønnelandsvatnet og Skjesvatn Vel har NVE handsama revisjon av konsesjonsvilkåra for Hjartdal-Tuddalsvassdraget.

Av omsyn til biologisk mangfald, friluftsliv og landskap tilrår NVE vilkår om slepp av minstevassføring i Omnesfossen, Hjartdøla, Heiåi og Bjordøla.

NVE tilrår også at det blir gjeve moderne konsesjonsvilkår for reguleringa av vassdraget, som gjev moglegheit til å pålegge ulike avbøtande tiltak.

NVE tilrår ikkje slepp av minstevassføring frå andre bekkeinntak enn dei som er nemd ovanfor og heller ikkje magasinrestriksjonar. Vi meiner fordelane for fisk, landskap, friluftsliv eller vassmiljø ikkje veg opp for reduksjonen i kraftproduksjon og kostnadane dette ville ha ført med seg.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Sjå omtale av saka her

 

Kontaktpersoner

Avdelingsdirektør Rune Flatby,
tlf. 22 95 90 88 eller 416 78 203

Seksjonssjef Carsten Jensen,
tlf. 22 95 92 90 eller 908 50 206