Statnett får løyve til å byggje Øygarden transformatorstasjon utanfor Bergen
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt Statnett SF løyve til å byggje ein ny transformatorstasjon i Øygarden kommune. BKK AS får samtidig løyve til å byggje Øygarden koplingsstasjon. Utbygginga er viktig for straumforsyninga inn mot Bergensregionen.
– På grunn av forventningar om auka kraftforbruk i Bergen og omland er det viktig å forsterke transmisjonsnettet inn mot Bergensregionen. Det er utgangspunktet for at Statnett og BKK får løyve til å byggje ny transformatorstasjon og koplingsstasjon, seier Ingrid Myrtveit, seksjonssjef i NVE.
Statnett har fått løyve til å byggje ny 420 kV transformatorstasjon ettersom Kollsnes transformatorstasjon på Øygarden ikkje kan oppgraderast til dette spenningsnivået.
Slik blir det nye anlegget
Øygarden transformatorstasjon og Øygarden koplingsstasjon skal byggjast inntil kvarandre, avgrensa med eit felles stasjonsgjerde. Stasjonane blir bygde like nord-aust for dagens Kollsnes transformatorstasjon. Det totale stasjonsområdet utgjer om lag 80 000 m 2. Statnetts stasjonsbygning vil få ei grunnflate på ca. 5 300 m 2, og høgda blir rundt 22 meter.
Kraftleidningane til Statnett og BKK må leggjast om inn til den nye stasjonen, og vil krysse Osundet på nye master. Tiltaket vil medføre beslag av eit stort område med den prioriterte naturtypen kystlynghei.
NVE gir Statnett løyve til ekspropriasjon av eigedomsrett og ekspropriasjon av bruksrett for nødvendig grunn og tilkomme for å kunne gjennomføre utbygginga.
NVE stiller krav til anleggsarbeidet
– For å minimere verknadene for natur og samfunn har vi stilt krav om at Statnett og BKK utarbeider ein felles detaljplan, som beskriv korleis anleggsarbeidet skal gjennomførast, seier Myrtveit.
Mellom anna skal anleggsarbeidet planleggjast slik at verknader for både naboar, naturmangfald, friluftsliv og kulturminne reduserast. Naboar skal varslast i forkant av det mest støyande anleggsarbeidet. Støyande aktivitet skal og tilpassast hekkeperioden til trua artar av fugl. Master skal plasserast slik at dei ikkje er til hinder for klatrefeltet i området, og blir plassert der dei ikkje gir direkte inngrep i registrerte kulturminne.
Detaljplanen skal beskrive korleis kystlynghei kan tilbakeførast etter avslutta anleggsarbeid, og kva slags moglegheiter eller eventuelle avgrensingar som vil gjelde for skjøtsel av naturtypen i driftsfasen. Detaljplanen skal godkjennast av NVE før anleggsstart.