Publisert 18.11.2016 , sist oppdatert 21.11.2016

Tilrår løyve til planendring for Mork kraftverk

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Mork Kraftverk AS løyve til å foreta planendring for Mork kraftverk i Erdalselvi i Lærdal kommune, Sogn og Fjordane.

Løyve til å byggje Mork kraftverk ble gjeve i kgl.res. av 14.desember 2012. Mork Kraftverk AS meiner det konsesjonsgjevne prosjektet ikkje lenger er realistisk å gjennomføre av økonomiske grunnar, og søkjer derfor om eit mindre prosjekt med betre lønsemd.

Det planlagde kraftverket vil få ein installert effekt på om lag 10 MW, mot om lag 35 MW i det konsesjonsgjevne prosjektet. Årleg middelproduksjon er berekna til 42,2 GWh med NVE si tilråding om slepp av minstevassføring. Produksjonen svarar til det årlige straumforbruket til om lag 2110 husstandar. Produksjonen i det konsesjonsgjevne prosjektet var berekna til 88,7 GWh/år.

 

Utbygd elvestrekning redusert

I planendringa vil kraftverksinntaket bli flytta om lag 800 meter lenger ned i vassdraget, frå kote 410 til kote 350. Kraftstasjonen skal byggjast i dagen på kote 110 i staden for i fjell, medan vassvegen fortsatt vil gå i tunnel. Utbygd elvestrekning blir redusert frå om lag 4,4 km til 2,8 km. Uttak av masser blir redusert frå 160 000 m3 til 85 000 m3.

Høyringsinstansane er noko delt i synet på planendringa, men fleire meiner den vil gje ei meir skånsam utbygging. Lærdal kommune kan ikkje sjå nokon store negative konsekvensar ved planendringa. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vurderer at planendringa i langt større grad vil ivareta omsynet til ålmenne interesser knytt til vassdraget, og Aurlandsvegen som nasjonal turistveg. Sogn og Fjordane fylkeskommune ser positive verknader av planendringa, men er samstundes kritisk til planlagde inngrep i eit prioritert og sårbart kulturlandskap.    

 

Færre negative verknader

NVE registrerer at planendringa vil gje ei en dårlegare utnytting av vassressursane samanlikna med det konsesjonsgjevne prosjektet. Kraftproduksjonen vil verte omlag halvert. Samstundes vil kraftverket leggje beslag på eit mindre areal og påverke ein kortare elvestrekning, noko som samla sett vil gje færre negative verknader på miljø og brukarinteresser.

Det er registrert negative verknader på landskap, kulturmiljø og naturmangfald, men ei del av verknadene kan dempast ved avbøtande tiltak. NVE vurderer at Mork kraftverk fortsatt vil være eit verdifullt bidrag til målet om auka fornybar kraftproduksjon, medan konsekvensane av utbygginga samla sett vil bli mindre enn i det konsesjonsgjevne prosjektet.

 

Kapasitetsproblem i nettet
 
Det er per i dag ikkje tilstrekkeleg nettkapasitet til å ta imot straumen som kraftverket vil produsere. NVE tilrår at dersom det blir gjeve løyve til planendring for Mork kraftverk, må det takast atterhald om at kapasitetsproblema i nettet vert løyst før kraftverket kan byggjast.        

 

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga av planendringa for Mork kraftverk.

 

Dokumenta er tilgjengelege på nve.no.  

 

 

 

 

Kontaktpersonar:

Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 416 78 203.

Seksjonssjef Carsten Stig Jensen, tlf. 908 50 206