Publisert 21.12.2021

Tilrår nye konsesjonsvilkår for Uste- og Hallingdalsvassdraget

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje nye konsesjonsvilkår for reguleringa av Uste- og Hallingdalsvassdraget, og for Usta og Nes kraftverk. Dette vil gje moglegheit til å pålegge avbøtande tiltak som betrar miljø- og naturforholda i vassdraget.

Usteåne ved Tuftebrui (foto: NVE)

I vassforvaltningsplanen for Vest-Viken er det satt miljømål som krev at miljøtilstanden betrast i Uste- og Hallingdalsvassdraget. På bakgrunn av desse måla har NVE handsama revisjon av konsesjonsvilkåra for reguleringa av Uste- og Hallingdalsvassdraget, der Foreningen til Hallingdalsvassdragets regulering er konsesjonær. NVE har òg vurdert omgjering av konsesjonsvilkåra for Usta og Nes kraftverk, der Hafslund Eco Vannkraft AS er konsesjonær.

NVE rår til at det blir gjeve moderne konsesjonsvilkår for reguleringa av vassdraga, som gir betre moglegheit til å pålegge avbøtande tiltak. NVE tilrår òg at vilkåra for Usta og Nes kraftverk blir omgjort.

Tiltak skal minimere miljøpåverknaden

Hovudformålet med ein vilkårsrevisjon er å betre miljø- og naturforholda gjennom tiltak som avbøter ulemper og negative verknader ved utbygginga. NVE rår derfor til auka slipp av minstevassføring i Usteåne, og innføring av minstevassføring i Rukkedøla. NVE tilrår òg tidlegare overføring frå Ustevatn til Rødungen, mellom anna for å dempe faren for flaum langs Usteåne. Tiltaka medfører ein reduksjon i kraftproduksjonen i Usta og Nes kraftverk på om lag 0,2%.

NVE tilrår ikkje magasinrestriksjonar i Rødungen eller Strandafjorden, da fordelane for fisk eller vassmiljø ikkje veg opp for dei negative konsekvensane for kraftsystemet og kostnadane dette ville ha ført med seg.

Les meir om vilkårsrevisjonen for Uste- og Hallingdalsvassdraget

Kontakt

Carsten Stig Jensen, seksjonssjef
tlf. 90 85 02 06