Publisert 27.06.2016

To ja og eitt nei til kraftverk i Hattfjelldal

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Krutåga Kraft AS løyve til utbygging av Krutåga kraftverk og ny kraftleidning til Varntresk i Hattfjelldal kommune, i Nordland. Vi rår også til at Hattfjelldal Kraft AS får løyve til småkraftverket Mølnhusbekken. Vi rår frå utbygging av Bjørkåselva småkraftverk.

NVE tilrår utbygging av Krutåga kraftverk etter alternativ E med 0,5 meter regulering av Krutvatn heile året, med inntak direkte i Krutvatn. Med NVEs tilrådingar til justeringar, avbøtande tiltak og konsesjonsvilkår vil Krutåga kraftverk produsere om lag 126 GWh/år, noko som svarar til straumbruken til rundt 6 300 husstandar.

Vi legg vekt på at kraftverket vil gje ei stor mengde ny, fornybar kraft som til ein viss grad er regulerbar. Dei tekniske inngrepa og redusert vassføring vil endre landskapet noko, men med våre anbefalingar til regulering, val av inntak og avbøtande tiltak, meiner vi at dei negative konsekvensane blir moderate.

Vi meiner det er små ulemper knytt til Mølnhusbekken kraftverk, som vil kunne produsere om lag 19 GWh ny, fornybar kraft årleg. Dette svarar til straumbruken til ca. 950 husstandar.

 

For store ulemper knytt til Bjørkåselva

Ulempene med ei utbygging i Bjørkåselva er etter vår meining større enn det ein produksjon på om lag 17 GWh/år vil kunne vege opp. Vi legg hovudsakeleg vekt på  to ting; konsekvensane for ei bekkekløft der det er  funne ein sterkt trua art (fossefiltlav). Og at eit avslag til Bjørkåselva vil redusere den samla belastninga av dei tre prosjekta på naturtypen bekkekløft og arten fossekall, og redusere dei samla konsekvensane for reindrift.

 

Leidning og transformator i Varntresk

For å knytte dei to kraftverka til nettet tilrår NVE utbygging av ein ny om lag 20 km lang 132 kV kraftleidning frå Krutåga kraftverk til Varntresk og ein ny 22/132/220 kV transformatorstasjon i Varntresk. Tilråd løysing er tråd med alternativ 2A i søknaden, som NVE meiner er det teknisk-økonomisk beste alternativet og ein trasé som inneber få ulemper for allmenne interesser og naturmangfald. Transformatorstasjonen i Varntresk vil og legge til rette for å knytte dei småkraftverka Bessedøra og Stekvasselva, som har fått løyve tidlegare,  til nettet.

 

Meir om kraftverka

Meir om kraftleidningen

Kontaktperson:

Seksjonssjef Carsten Stig Jensen,
tlf. 22959290 / 90850206