Publisert 01.12.2016

Tre løyve og to avslag til småkraftverk i Oppland

NVE gjev løyve til Ala, Føssaberge og Rysna kraftverk . Gipa og Sundheimselvi kraftverk får avslag.

Dei tre kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 40 GWh i eit middels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 2000 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla gitt om lag 30 GWh/år.

Naturmangfald, landskap og fisk har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som vi meiner gjev minst konflikt med desse allmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

NVE har sett vilkår til det enkelte prosjektet for å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjera tilpassingar som kan bøte på dei negative verknadane for dei to kraftverka som har fått avslag.

Søkjar

Kraftverk

Kommune

Produksjon (GWh/år)

Clemens Kraft AS

Føssaberge

Vang

16,4

Rysna Kraft SUS

Rysna

Vang

8,4

Skagerak Kraft AS

Ala

Vang

15,0

NGK Utbygging AS

Gipa

Vang

Avslag

Skagerak Kraft AS

Sundheimselvi

Nord-Aurdal

Avslag

 

Les meir om kvart kraftverk:

Ala kraftverk

Føssaberge kraftverk

Gipa kraftverk

Rysna kraftverk

Sundheimselvi kraftverk

 

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt              tlf.: 22 95 93 89 / 901 98 216
Sakshandsamar Steinar Pettersen       tlf.: 22 95 94 03
Sakshandsamar Tord Solvang             tlf.: 22 95 92 48